Wednesday, 7 May 2008

Slottskjellaren - Forestilling !

Som sagt, hadde me i klasse 1M forestilling i går (med namn "Slottskjellaren"). Det dukka opp ein heil del folk, noko som er svært positivt, og framføringa gjekk også betre enn forventa. Eg syns alle saman har vore kjempedyktige, og lagt si liv og sjel i det for å få det til. Eg er stolt over å gå i klasse med så kjekke og talentfulle personar. :) Ja, så må eg óg nevne at me fekk mange positive tilbakemeldingar etter forestillinga. Eg vil og seie takk til alle lærarane, som har vore engasjerte og hjelpt oss ! Det er me evig takknemleg for. :) Som sagt har det og vore snakk om at me skal ha forestilling/forestillingar til sommaravslutninga. Det skal bli kjekt, og då har vi noko å sjå fram til.
Takk for meg, i denne omgang.

1 comment:

Kari H said...

Takk sjølv!